Om Vinjo

- handverk som held seg – 

 

Vinjo AS vart etablert i 2018, då Voss Maoling og Murmester Gjøstein slo seg saman. Det geografiske nedslagsfeltet vårt er primært lokalt på Voss, men òg i regionen rundt. 

 

Me tilbyr ei rekkje ulike tenester innan handverksfaget. Døme er muring, snikring, måling, flisarbeid, stein, pipe og omn, og me er dessutan totalentrepenør på våtrom. Nettverket vårt er breitt, med tett samarbeid med andre fag som røyrleggar og elektrikar. Som kunde hjå oss har du likevel berre ein aktør å forhalda deg til – Vinjo AS.

Dei overordna måla våre er nær og personleg kommunikasjon med kundane våre frå første kontakt,  og med høg kvalitet, fleksibilitet og effektivitet i leveransane undervegs i heile arbeidsprosessen frå start til slutt – førehandsavtalde tidsfristar inkludert.

Synfaring er gratis, av di me ynskjer å gjere oss godt kjend med både deg og handverksbehova dine. Me har dessutan fokus på konkret, skriftleg dokumentasjon for å ivareta kvaliteten på arbeidet og syte for auka tryggleik for kundane våre. Ta gjerne ein nærare titt på kva me tilbyr her!